Håpar at mange har anledning til å vere med på aktivitetsdagen på Harpen, det var kjempekjekt i fjor og satsar på at det blir like kjekt i år!!
AKTIVITETSDAG PÅ HARPEFOSSEN SØNDAG 25.10. KL 10.00
Vi inviterer til Aktivitetsdag for alle skiskyttarane med foreldre. Oppmøte på standplass kl 10.00
Dei aktive startar med barmarkstrening med nokon av Juniorane våre og tidlegare aktive som trenarar. Foreldrene får gjennomgang av rutinar og div. på standplass med Ole Starheim. Etter dette vil Rickard Haughovd informere om våpenpleie – dette tar vi i kjellaren på varmestova.
NB! Ta med treningskle/byttekle og det som trengs for å vere mykje ute! Vi håpar at hausten fortsatt blir fin, men vær ingen hindring!! 🙂
ca kl 12 er det mat/middag i varmestova
litt info om sesongen som står for døra, anlegg ++
bestilling av Team Stårheim kle
ca 13.30 er det klart for testløp m/skyting og springing på skiskyttarstadion – berre MORO!
etter dette blir det kaffi og kaker/frukt + premieutdeling i varmestova
For at vi skal vite kor mykje mat vi skal kjøpe inn vil vi ha påmelding innen torsdag 22.10. – skriv antall som kjem frå kvar familie. Påmelding til:
brit-mari.botn@hotmail.com eller 95080936
mvh
Stårheim I.L. Skiskyttargruppa