Foredrag Antidoping

Tysdag 15. mars kommer Jan de Lange frå Antidoping Norge kjem til Honndalshallen og held foredrag for skiskyttarkrinsen, Nordfjord Team og tilhøyrande idrettslag.

Foredraget vil starte kl 19.00. 

Antidoping Norge kjem på besøk som følgje av at krinsen har registrert seg som «rein krins». Vi i krinsen oppmodar medlemslaga om å registrere seg som «Reint idrettslag». Gå inn på http://www.rentidrettslag.no .

Ta kontakt med Leiv Tvinnereim (leivtvinnereim@hotmail.com /911 81 882) eller Eline Fannemel (elinefannemel@gmail.com /97590859) om de har spørsmål.

Håpar mange ute i klubbane har anledning til å kome å høyre på Jan de Lange om antidopingarbeid!

 

Innkalling til årsmøte

Det blir årsmøte i skiskyttargruppa måndag 7.mars kl. 18:00 på lagshuset Fram.

Sakliste:

  1. Godkjenning av innkalling og sakliste
  2. Val av møteleiar og referent
  3. Årsmelding 2015
  4. Rekneskap 2015
  5. Budsjett 2016
  6. Val av styremedlemmar
  7. Status på skyttarhuset på Harpefossen
  8. Nye planer/prosjekt