Hedersteikn til Arve Heimdal

Arve Heimdal

 

Arve Heimdal mottok på skiskyttarforbundet sitt ting i Stavanger denne helga forbundet sitt heidersteikn. Å få denne utmerkinga heng høgt. Heidersteiknet kan tildelast skiskyttar eller leiar som har oppnådd framifrå resultat i nasjonale og internasjonale konkurransar, eller har framheva seg i arbeidet for NSSF på en spesiell måte. Hedersteiknet er forbundets høgste utmerking for idrettslig og administrativ innsats. Hedersteiknet gis som jakkemerke i gull. I tillegg til Heimdal mottok avtroppande president Tore Bøygard same heidersteikn. Frode Andresen og Lars Berger fekk heidersteiknet for sin innsats i sporet.

Heimdal har gjennom mange år vore ein av pådrivarane for skiskytinga i Eid og Sogn og Fjordane. Han var den andre leiaren i av Sogn og Fjordane skiskyttarkrins etter at skiskyting vart eige forbund i 1983. Han var ein av initiativtakarane til  Nordfjord Team Skiskyting i 1985. Eit samarbeid mellom klubbane i Nordfjord som tek ansvar for den sportslege satsinga for dei eldste rekruttane, junior og senior løparar i krinsen. Strukturen for dette teamet har vore ein modell for team som har starta i andre delar av landet.

Han har gjennom mange år lagt ned eit utall tal timar dugnadsinnsats. På tinget i helga var hans optimisme og evne til å sjå løysingar når andre for lengst har gjeve opp trekt fram. Ein episode i samband med at Stårheim og Heggjabygda arrangerte hovedlandsrenn i 1990  vart trekt fram. Trass store mengder nedbør i form av regn gav Arve aldri opp trua på at rennet skulle avviklast. Reservearena ble på kort tid bygd, og rennet vart avvikla. I tillegg til dette rennet, har Stårheim og Heggjabygda 2 gonger seinare arrangert store renn. Dette var Hovedlandsrennet i 2000 og NM senior i 2002. Begge med Heimdal som ein av drivkreftene bak  arrangementa.

Heimdal har teke NSSF si trenarutdanning og har tileigna seg ein høg kompetanse innan skismurning. Noko som har kome mange løparar til gode. Han har og teke TD 2 utdanning. Han har gjennom mange år vore og er fortsatt forbundet sin representant som teknisk delegert på nasjonale renn både for unge, juniorar og seniorar. Løparar frå Sogn og Fjordane har gjennom ein lang periode hatt stor sportsleg suksess både nasjonalt og internasjonalt. Slik suksess kjem ikkje av seg sjølv, den er mellom anna avhengig av personar som Heimdal.

Han er også Norges skiskyttarforbunds anleggsrådgjevar i region vest, og jobbar opp mot klubbar og kretsar om nye anlegg og klassifisering/oppgradering av eksisterande anlegg.

 

Ivar Asbjørn Melheim frå Heggjabygda er tildelt Skiskyttarforbundets Standard Standard kan tildelast krinsar, lag, organisasjonar og enkeltpersonar for framifrå instans for norsk og/eller internasjonal skiskyting gjennom mange år.

Melheim var i likskap med Heimdal ein av initiativtakarane til  Nordfjord team. Han var organisatoren og leiaren av teamet dei fyrste 12 åra, og drivkrafta bak  å skape den strukturen som gjorde at teamet vart eit sterkt ledd, og ein modell for andre team. Han var og den som dreiv fram det økonomiske grunnplanet i teamet.

Han var ein av initiativtakarane til at  Eid kommune fekk to sterke skiskyttarklubbar, Stårheim og Heggjabygda. Og drivkrafta for at  desse klubbane saman søkte og arrangere Hovudlandsrennet i 1990 og 2000 , og senior NM i 2002.

 

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s