Invitasjon til rulleskiskyting

Markane inviterer til rulleskiskyting på Ullsheim 10. september.

Invitasjonen finner du her: Innbyding rulleskiskyting 2017

Påmelding til May Kristin mobil: 90117856 el. mayks@online.no innen 6. september kl 20.00.

Advertisements

Skytesamling 2. september

Sogn og Fjordane skiskyttarkrins inviterer alle utøvarar fødd 2005 og 2004 til skytesamling laurdag 2. september kl 12.00 på Harpefossen skiskyttarstadion.
Hovudfokuset vert tilpassing av våpen.
Trenarar: Eli Merete Melheim og Svein Lasse Bødal
Vi avsluttar med litt mat ca kl 14.00.
Alle må ha med eigne skot.

Påmelding til May Kristin Sæther, 90117856 eller mayks@online.no innan onsdag 30. august.
Dei som skal delta på jentesamlinga treng ikkje å melde seg på.

Velkommen!

Jentesamling 2. og 3. september

Velkomne til jentesamling i skiskyting
2 – 3 september 2017
Aldersgruppe: jenter fødde fom 2002 tom 2007
Meld på til: marg-hje@frisurf.no / eller sms 41628268, innan onsdag 30.aug.

Viser til tidlegare utsendt info om jentesamling i skiskyting.
No har vi fått laga til følgjande program:

Laurdag 2.september:
– 12.00 – 12.15: Frammøte på skiskyttarstadion til Stårheim IL (Harpefossen). Skyteøkt.
– Lunsj – når skyteøkta er ferdig. Vi serverer grønsakssuppe med brød til.

– Klokka 15.00. Rideøkt på Evas Ridesenter.
Du treng ikkje ride-erfaring frå før.
Eva deler oss i to grupper – nybegynnarar og litt vidarekomne, og hjelper oss til å føle oss trygge på hesteryggen!
– Servering av frukt / bollar etter rideøkta.

– Ca kl 17.00: Vi køyrer til Rand Grendahus etter rideøkta. Der håpar vi å få selskap av dei eldre jentene… Her blir det konkurransar på skuleplassen / gymsalen når vi er framkomne.

– Ca klokka 20.00 / 20.30: Middag

Søndag 3.september:
– 8.00 / 8.30: Frukost. Vi må også pakke oss ut av gymsalen der vi overnattar, då den skal nyttast frå klokka 11.00 til anna arrangement.
– 09.30: Vi køyrer til Ulvedalsdemma. Der blir det ei økt med kanopadling.
– Ca 11.00/11.30: Vi lagar oss lunsj ute etter at vi er ferdige med padlinga. Køyrer tilbake til Rand Grendahus etterpå.

– 13.00: Start førebuing til Kleiva Opp – rusle litt rundt…
starte oppvarminga ca klokka 13.30.
– 14.00: Start Kleiva Opp (motbakkeløp) Du avgjer sjølv om du vil springe konkurranse, eller om du vil jogge/gå. Målet er at alle på ein eller annan måte gjennomfører løpet! Moro når vi er mange med

– Samlinga blir avslutta etter at vi har gjennomført Kleiva opp!

Dette treng du å ha med deg:
– Samlinga kostar kr 300.- (inkluderer riding, padling, startpengar, mat, overnatting)
(pengane kan vi samle inn laurdagen ved frammøte)
– 200 skot
– Skiskyttargeværet ditt
– Treningsklede til 2-3 økter
– Joggesko (gjerne to par om du har)
– Klede som toler ein ridetur + sko med litt hæl (td fjellsko eller gode støvlar)
– Toalettsaker / handkle
– Flytevest (vi har nokre til utlån, men ta gjerne med om du har)
– Regnjakke / lue / vottar / hanskar – alt etter kva vermeldinga seier…
– Sovepose og liggeunderlag / luftmadrass

PS!! Ei praktisk opplysing vedr laurdag kveld:
Ca klokka 23.00 :
Nattevaktene samlar inn mobiltelefonar , nettbrett ol (de får dette att laurdag morgon)
Dette for å få meir ro i rekkjene når ein skal prøve å få sovne!

Vi håpar å sjå mange av dåkke denne helga!

 

PS! Kan nokon av dåkke foreldre stille på å hjelpe til litt – spes med køyring laurdagen, samt litt matlaging laurdag kveld, er det heilt topp. Gje meg ein lyd om de har anledning. (Margunn H – sms 41628268)