Jentesamling 2. og 3. september

Velkomne til jentesamling i skiskyting
2 – 3 september 2017
Aldersgruppe: jenter fødde fom 2002 tom 2007
Meld på til: marg-hje@frisurf.no / eller sms 41628268, innan onsdag 30.aug.

Viser til tidlegare utsendt info om jentesamling i skiskyting.
No har vi fått laga til følgjande program:

Laurdag 2.september:
– 12.00 – 12.15: Frammøte på skiskyttarstadion til Stårheim IL (Harpefossen). Skyteøkt.
– Lunsj – når skyteøkta er ferdig. Vi serverer grønsakssuppe med brød til.

– Klokka 15.00. Rideøkt på Evas Ridesenter.
Du treng ikkje ride-erfaring frå før.
Eva deler oss i to grupper – nybegynnarar og litt vidarekomne, og hjelper oss til å føle oss trygge på hesteryggen!
– Servering av frukt / bollar etter rideøkta.

– Ca kl 17.00: Vi køyrer til Rand Grendahus etter rideøkta. Der håpar vi å få selskap av dei eldre jentene… Her blir det konkurransar på skuleplassen / gymsalen når vi er framkomne.

– Ca klokka 20.00 / 20.30: Middag

Søndag 3.september:
– 8.00 / 8.30: Frukost. Vi må også pakke oss ut av gymsalen der vi overnattar, då den skal nyttast frå klokka 11.00 til anna arrangement.
– 09.30: Vi køyrer til Ulvedalsdemma. Der blir det ei økt med kanopadling.
– Ca 11.00/11.30: Vi lagar oss lunsj ute etter at vi er ferdige med padlinga. Køyrer tilbake til Rand Grendahus etterpå.

– 13.00: Start førebuing til Kleiva Opp – rusle litt rundt…
starte oppvarminga ca klokka 13.30.
– 14.00: Start Kleiva Opp (motbakkeløp) Du avgjer sjølv om du vil springe konkurranse, eller om du vil jogge/gå. Målet er at alle på ein eller annan måte gjennomfører løpet! Moro når vi er mange med

– Samlinga blir avslutta etter at vi har gjennomført Kleiva opp!

Dette treng du å ha med deg:
– Samlinga kostar kr 300.- (inkluderer riding, padling, startpengar, mat, overnatting)
(pengane kan vi samle inn laurdagen ved frammøte)
– 200 skot
– Skiskyttargeværet ditt
– Treningsklede til 2-3 økter
– Joggesko (gjerne to par om du har)
– Klede som toler ein ridetur + sko med litt hæl (td fjellsko eller gode støvlar)
– Toalettsaker / handkle
– Flytevest (vi har nokre til utlån, men ta gjerne med om du har)
– Regnjakke / lue / vottar / hanskar – alt etter kva vermeldinga seier…
– Sovepose og liggeunderlag / luftmadrass

PS!! Ei praktisk opplysing vedr laurdag kveld:
Ca klokka 23.00 :
Nattevaktene samlar inn mobiltelefonar , nettbrett ol (de får dette att laurdag morgon)
Dette for å få meir ro i rekkjene når ein skal prøve å få sovne!

Vi håpar å sjå mange av dåkke denne helga!

 

PS! Kan nokon av dåkke foreldre stille på å hjelpe til litt – spes med køyring laurdagen, samt litt matlaging laurdag kveld, er det heilt topp. Gje meg ein lyd om de har anledning. (Margunn H – sms 41628268)

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s