NETTBUTIKK FOR STÅRHEIMSKLE ER KLAR

Stårheim IL Skiskyting sin eigen teamshop for klubbkle er no på plass! Nettbutikken er open fram til 5. november, og levering er venta i veke 50.

Kvart enkelt medlem bestiller sjølve i nettbutikken og det er mogleg med ulike betalingsmåtar (kredittkort, faktura, PayPal). Kledene blir sendt pr post direkte til kvar enkelt (frakt på kr 69,- pr bestilling). Ein kan også bestille øvrige produkt frå Trimtex sitt ordinære varesortiment i nettbutikken.

Nettbutikken har same sortiment av Stårheimskle som i fjor – dvs overtrekksbukse og jakke, konkurransetights og overdel, vest, hue og panneband. Nytt av året er ein flex gensar. Dette er ein tettsittande, pustande og elastisk treningsgensar. Eg har fått demo på denne gensaren i mange ulike storleikar som de kan få sjå på. Viss de er usikre på storleikar så snakk med nokon som bestilte i fjor, så kan de sikkert få gode råd (også veldig gode måltabellar i nettbutikken). Trimtex stiller også i år krav om minimum samla Stårheimsbestilling av 5 stk av kvart produkt (10 stk av dunjakke).

Informasjon om framgangsmåte;
1. Klikk deg inn på linken her for å kome til nettbutikken: trimtex.no/customer/StarheimSkiskyting
2. Før du kan starte å bestille må du registrere deg. Vel ‘Logg inn’ om du allereie er registrert som brukar på trimtex.no eller ‘Ny konto’ om det er fyrste gong du bestiller frå Trimtex.
3. Tast inn stårheim i ‘teamkode for innmelding’ og logg inn.
4. Du skal motta ein ordrebekreftelse fra Trimtex når ordren har gått gjennom.

Eg opplever at produkta har god kvalitet og at prisane er fornuftige. Håpar mange nyttar seg av tilbodet. Ta kontakt med Monica Mundal tlf 97547528 om det er noko de lurer på!